"Sydentur"

Anne
Anne Erstad

I helga var vi på familiebesøk på Haugalandet. Dei andre ville på fisketur og eg blei gjerne med for å sjå på vegetasjonen. 

Det var tydeleg at vi var kome lenger sør. Purpurlyngen som vi såg her og der på Værlandet var stadvis dominerande her. Også andre artar som er sjeldne hos oss berre dukka opp overalt. Vi såg og smakte bjørnebær, som var betre utvikla enn dei ville bjørnebæra i vårt område. Kristtorn var små buskar men dei kan vere gamle likevel. Dei blir nedbeita av hjort og sau og då kan det kome nye skot på den gamle stammen. Hassel og sommareik var ikkje uvanlege sjølv om desse også veks lenger nord langs kysten.

Kristtorn og purpurlyng er avgrensa av vintertemperaturen. Dei toler ikkje ekstrem eller langvarig kulde, sjølv om kristtorn finst viltveksande heilt opp til Sunnmøre. Eik, bjørnebær og hassel er varmekrevjande, dei elskar høge temperaturar om sommaren, bjørnebær mest og eik meir enn hassel. Dei stiller også litt større krav til jordsmonnet og veks i liten grad i lyngheiane. Ein vil kunne finne dei langs kysten og lenger inn i landet i sørvendte skråningar. 

I landskapsbildet la eg merke til restane etter dei gamle leplantingane. Leplanting var populær frå 1950-talet og utover då landskapet var trebart og vinden tok tak. Ein satsa mykje på leplanting på Jæren og det hadde tydelegvis også spreidd seg til Haugalandet. I den tida tenkte ein at ein måtte bruke bartre som vern mot vind heile året. Sitkagran blei importert frå Vestkysten av Amerika fordi den toler både vind og sjøsprøyt. No er sitkaen blitt eit problem: han får frø og mange små grantre veks opp og fortrenger den naturlege vegetasjonen. Mange av dei gamle lebelta er no fjerna. Dei var ofte plassert feil, for nært husa og laga skugge. No er det , takka vere leplantinga, kome opp meir naturleg trevegetasjon. Også fordi beitedyra har forsvunne og landskapet gror igjen. 

På 90-talet prøvde ein ut nyare leplantingar med lauvfellande buskar og tre. Leplanting vart eit tiltak i ei rekke der ein brukte planter som naturlege miljøagentar mot vind, flaum og som reinsetiltak. Eit virvar av nakne greiner om vinteren er også effektivt mot vinden. Dei gamle sitkaplantingane finn ein igjen langs heile vestkysten opp til Nordland, men mange er også blitt fjerna. På Haugalandet såg vi først og fremst trerekker med sitka, ikkje dei breiare belta.


Publisert: 19.09.2025, 11:43


Andre artikler