Samling for Fagforbundet sine Palestina-ambassadørar på Sørmarka 16 – 19. august 2021

25.08.2021, 13:34


Denne veka skulle eg vore på tur i Palestina og sett og opplevd livet der. Alle Fagforbundet sine Palestina - abassadørar får ein slik tur, for det er alltid lettare å formidle kunnskap og inntrykk som ein har opplevd sjølv. Men slik verden er no i august 2021, så blir det inga Palestinareise, så då er det nest beste alternativet å samle ambassadørar på Sørmarka og møte folk frå samarbeidspartnarane på teams og zoom.

                               Foto Ingunn Eriksen

Litt fakta:

Fagforbundet og Norsk Folkehjelp inngjekk i 2009 eit samarbeid til støtte for palestinarar i Midtøsten. Fagforbundet støttar Norsk Folkehjelp sine prosjekt på Vestbredden, i Gaza og i dei palestinske flyktningleirane i Libanon.

Norsk Folkehjelp jobbar gjennom palestinske organisasjonar og har stor fokus på demokrati og rettigheiter.

Fagforbundet støtter studentar, kvinner, kultursentre, bønder og fiskarar gjennom 4 lokale partnarar.

Les mer om Fagforbundets solidaritetsprosjekter

Folk på Gaza er inneklemde og innesperra

Etter tre intensive dagar på Sørmarka, er eg full av inntrykk og kjenner på både sinne og frustrasjon, men eg er også imponert over kva partnarane får til!

Det er nesten ikkje til å fatte korleis det palestinske folket på Gaza lever. På eit område som i areal er på storleik med Mjøsa lever det ca. 2 millionar menneske. Dei har levd med blokade i 14 år, og Israel har ved fleire høve utført krigshandlingar i Gaza, no sist i mai 2021.

Blokaden fører til at Gaza manglar det meste av reservedeler og utstyr/varer til å bygge opp igjen det som vart øydelagt under krigane. Det er avgrensa tilgang på reint vatn og drivstoff, og straum er tilgjengeleg berre ca. 8 timar i døgnet, og ein veit aldri kor tid den vert kopla ut. Prisauken er stor, og arbeidsløysa i Gaza er skyhøg, blant unge vaksne er den på nær 60 %  - 2/3 av folket lever under fattigdomsgrensa. I tillegg gjere den israelske hæren det vanskeleg å drive landbruk og fiske. Eit døme er at Israel kan endre grensa frå ein dag til neste kor langt ut fiskarane får lov å sette garna sine, noko som betyr at dei garna som vart sett ut i går, får du ikkje reise ut og hente i dag. Og slik mister fiskarane sine reiskap og grunnlag for inntekt. Det er mange slike eksempel frå Gaza, og i sum har alt dette ført til at dagleglivet på Gaza er svært vanskeleg. Psykisk uhelse, sjølvmord, medikamentavhengigheit og vold i nære relasjonar aukar i Gaza. Og når ein av dei tilsette på Gaza-kontoret til Norsk folkehjelp seier at mange av ungdommane i Gaza har mista alt håp, så gjere det inntrykk!

Krig, okkupasjon og blokade gjer kvinner og barn ekstra utsette

Ein av partnarane til Norsk folkehjelp i Gaza er Aisha, Assosiation for Woman and Child Protection. Aisha er ein uavhengig organisasjon som jobbar med å beskytte kvinner og barn mot vold gjennom å støtte, styrke og auke bevisstheita om viktige psykologiske, sosiale, juridiske og økonomiske spørsmål. I dette viktige arbeidet brukar dei ulike aktivitetar, som arbeidstrening og anna form for opplæring. Aisha har 75-80 tilsette (av desse er det 6 menn), i tillegg har dei 75 mannlege «ambassadørar», som har fått opplæring  og blir brukt i sitt nærmiljø til å snakke med andre menn om vold og familievold. Alisha har kontor rundt om i bydelane, nettside og ei open linje slik at det er lett å komme i kontakte med dei. Aisha har fleire program dei driv og nokre av problemstillingane dei jobbar med er familievold, psykisk helse, prevensjon, kvinnehelse, medikamentmisbruk, familieterapi og positiv barneoppdragelse. Aisha har 34 000 brukarar, i all hovudsak kvinner og barn. Aisha har også tilgang på lege og anna helsepersonell.

Vi fekk møte to tilsette i organisasjonen, Reem Frainah og Mariam Abulatta. Dei svarte på spørsmål og fortalte litt om arbeidet som vert gjort av Aisha.

Nokre timar på teams med tolk går utruleg fort, og det var mykje vi ikkje fekk spurt om. Men hovudinntrykket er at Aisha er ein organisasjon som det i aller høgste grad er bruk for på Gaza. Dei når ut til mange, og då spesielt kvinner og barn, og dei er med på å gje håp til folk i Gaza. Sjølv om eg berre fekk eit lite innblikk i arbeidet deira, så aner eg kor vanskeleg det er å vere kvinne i dette samfunnet. Ingen i Gaza har eit lett liv, og verst er det klanskje for kvinner og barn der som elles i verda….

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler