Palestina-tur august 2022

25.08.2022, 09:45

1 kommentar

 

No nærmar det seg tur til Palestina for meg som Palestina–ambassadør i Fagforbundet. Turen har vore planlagt fleire gangar og utsett, men no ser det ut som vi endeleg kan gjennomføre besøket.  Vi er 6 ambassadørar frå Fagforbundet som reiser saman med leiarar i Fagforbundet og Norsk Folkehjelp, slik at vi blir ei gruppe på 12 personar som set kursen for Vestbredden i slutten av august.

 

Gaza – bombene falt på nytt

 

Vi skulle i utgangspunktet delt oss i to grupper, og eg skulle vore i gruppa som skulle reist til Gaza.

 

Gaza, som er som eit fengsel for palestinarane der dei har levd under blokade sidan 2007, der Israel set avgrensingar for fiske, jordbruk, strømforsyning, vassforsyning, hindrar import av varer til oppbygging etter bombeangrep og så vidare… Likevel lever folk sine liv der, stiftar familie og ynskjer seg gode liv. Eg var spent på dette møtet med folk på Gaza, som lever under slike tilhøve og likevel klarar å halde motet oppe. Eg hadde sett fram til  å møte representantar for AISHA, Association for Woman and Child Protection, ein av organisasjonane Fagforbundet samarbeider med. Dei har mange program for å fremje helse for kvinner og barn, fysisk, psykisk og sosialt. Det å få sjå og høyre meir om dette var noko eg hadde gleda meg til!

 

Men slik vart det ikkje. Første helga i august angreip Israel igjen mål inne på Gaza og våpenkvila er for skjør til at vi kan reise inn.

 

Terroristar?

 

I førre veke kom meldinga om at israelske soldatar hadde raida og stengt kontora til seks palestinske organisasjonar i Ramallah og på Vestbredden. Eit av desse kontora høyrer til Al-Haq, ein anerkjent menneskerettsorganisasjon Fagforbundet har hatt kontakt med i mange år. Som vi veit har Israel i oktober 2021 terrorstempla seks organisasjonar utan at det er lagt fram noko som helst bevis for påstandane. Fleire land, inkludert Noreg har avvist terrorstemplinga av dei 6 organisasjonane, FN og EU har også kritisert Israel for dette, og til og med CIA (i følge Dagsavisen) avviser terrorstemplinga frå Israel. Men fint lite skjer, Israel får halde fram med å kneble og kue det palestinske folket utan at det får konsekvensar.

Foto: Ingunn Eriksen

 

Eg undrar meg over verdssamfunnet kan halde seg roleg når eg ser korleis Palestina og palestinarane vert behandla, når eg ser all dokumentasjon om brot på internasjonal lov og menneskerettar. Eg undrar meg over at eit verdssamfunn som med rette reagerte spontant på Russland sine handlingar i Ukraina i februar kan halde seg roleg når tilsvarande urett vert utført mot Palestina og det palestinske folk…

 

Foto Skafti Helgason

 

 

Men no er eg veldig klar for å reise til Palestina. Eg gleder med til å treffe samarbeidspartane som eg tidlegare berre har møtt digitalt. I tillegg får eg reise rundt og møte og snakke med vanlege folk, slik at eg vil få eit inntrykk av  korleis deira kvardag og liv artar seg. Ikkje minst får eg sjå landet, husa, muren, checkpoints, smake den gode maten, kjenne på luktene og alt anna som eg berre har sett på TV eller lest om. Eg håper at eg klarer å formidle vidare uretten palestinarane er utsett for slik at vi blir mange fleire som kan kjempe for at Palestina ein dag blir fritt.

Del artikkel:

Relaterte artikler