Palestinske bønder og beduinar sin kamp mot okkupasjonen

13.09.2022, 09:01

Palestinske bønder og beduinar sin kamp mot okkupasjonen

Waleed Atawnah (t.v) på daddelfarmen sin saman med Mohammed Ewidat og Moayyad Basharat,

begge frå UAWC. Okkupasjonen og klimaendringar gjer jordbruk svært krevjande. Foto: Ingunn Eriksen

 

Så var dagen endeleg kommen, og 29. august sette vi kursen mot Palestina for ei veke full av inntrykk og opplevingar. Vi var ei gruppe på 12 personar frå Fagforbundet og Norsk Folkehjelp som reiste og skulle møte fleire av samarbeidspartane i Palestina i eit tettpakka program.  Møtet med bønder og beduinar gjorde eit sterkt inntrykk. Dei kjempar ein viktig kamp for matsikkerheit og matsuverenitet, og ein kamp mot Israels folkerettsstridige utviding av busettingane, konfiskering av land, riving av vasstankar, heim, skur og solceller.  I tillegg kjem klimaendringane som også treff Palestina.

 

UAWC – Union of Agriculture Work Committees

Fagforbundet støtter UAWC gjennom Norsk Folkehjelp. UAWC er ein av 7 menneskerettsorganisasjonar som Israel har terrorstempla. Dei fekk kontora sine i Ramallah raida, rasert og stengt veka før vi kom. Korleis dette kan skje utan at det internasjonale samfunnet reagerer med reaksjonar og sanksjoner, er heilt uforståeleg. Israel har ikkje lagt fram eit fnugg av bevis på terroraktivitet, men terrorist-stempelet står likevel. Det betyr at leiarar og tilsette i bl.a. UAWC risikerer mange år i fengsel for arbeidet dei driv!

 

Stein Guldbrandsen heldt appell framfor den fastbolta døra til UAWC sine nedstengde kontor. (foto R. Aven)

Sjå Stein sin sterke appell:

https://www.youtube.com/watch?v=WrarW7z3qe8

 

Men på under ei veke var UAWC på plass i nye kontor, og organisasjonen held fram det viktige arbeidet med å støtte bønder, fiskarar og beduinar. Ein del av programmet vårt var å følgje tilsette frå UAWC rundt på Vestbredden for å besøke beduinar og bønder . Organisasjonen er svært viktig for at palestinarane skal klare å halde jorda i drift og sikre busetting i områda. Land som ikkje er i bruk kan i følgje israelsk rett leggast under Israel. UAWC yter bl.a. juridisk hjelp, dei bidreg til å erstatte brente oliventre, gir støtte til vassrøyr og bygging av vasstankar mm. Slik kan palestinske jordbrukarar og beduinar framleis bu og drive jorda i landet sitt.

 

Frøbanken

Omvising på Frøbanken. Foto R.Aven

På programmet stod også eit besøk hjå frøbanken, eit av dei viktige prosjekta for matsikkerheit og matsuverenitet som UAWC driv. Her haustar dei inn frø frå planter som veks i Palestina og som bøndene i landet treng for å klare seg. Dei fører eit nøye kartotek over kvar og når frøa er hausta. Plantene og frøa er tilpassa tilhøva i Palestina, med sitt varme klima og lite tilgang til vatn og er grunnlag for nye avlingar. Israelske og importerte frø har ikkje dei same eigenskapane. Frøbanken har kapasitet til å halde Palestina sjølvforsynt med frø, noko som er svært imponerande og viktig for sjølvforsyning av frukt og grønsaker. Det er ikkje uvanleg at palestinske avlingar vert øydelagt av israelarar rett før innhaustinga, f.eks. kan militærøvingar bli lagt til jordbruksområde rett før innhausting med raserte avlingar som følgje av det, og då er det ekstra vitig at bøndene får tilgang på nye frø.

Arbeidet i frøbanken vert utført både manuelt og maskinelt, og det var med stor entusiasme to av dei kvinnelege tilsette viste oss rundt i det vesle anlegget.

 

Frå produksjonen på frøbanken (foto

 

Beduinane

Framfor ein beduinleir på Vestbredden (foto I. Eriksen)

 

 

 

Langs motorvegen mellom Jerusalem og Jordandalen (som berre er for bilar med israelske skilt) ser vi beduin-landsbyar på begge sider av vegen. Langs vegen ser vi vassrøyr, inngjerda og overvaka - dette er israelsk eigedom.

 

Vi køyrer av vegen, og blir henta av ein jeep som tek oss vidare til ein av landsbyane. Vegen er dårleg og det er firehjuls-drivne biler som gjeld her. Beduinane har lange tradisjonar med å bu og drive dyrehald i desse områda, men no er dei begrensa på alle måtar. Dei kan ikkje flytte rundt med dyra sine slik dei tradisjonelt har gjort, og bur no fast i landsbyar. Her har dei lite tilgang på vatn og straum, sjølv om nokre landsbyar har fått hjelp av UAWC til å sette opp solcellepanel til å dekke det mest naudsynte av straumbehovet.  Men det er ikkje sjølvsagt at ein får løyve av Israel til å sette opp solcellepanel, og då kan dei bli fjerna og øydelagt. Dei har heller ikkje lov å bygge eller utbetre husa sine, dei har ikkje løyve til å kjøpe verken sement, plankar eller blikkplater. Busettarane tar det meste av vatnet, og det er vilkårleg kor tid beduinane får tilgang på vatn. Israelske busettarar kan rasere beduinlandsbyar utan at politi eller militære grip inn. Den eine landsby - leiaren fortel at dei kjenner apartheid-politikken på kroppen kvar dag. Men dersom dei pakkar saman og forlèt området er det fritt fram for Israel – noko som vil bety endå meir oppstykking av landet enn i dagens Palestina.

Foto Ingunn Eriksen

 

I denne beduin-landsbyen på Hebron Hills møtte vi bl.a. Mahmud Hussein Hamamdah, som bl.a. fortalte ei sterk historie om barnebarnet sitt då landsbyen som vart angripen av busettarar. Dette kan du lese om i lenka under.

'He wakes up crying': Palestinian families traumatised after Israeli settlers attack village | Middle East Eye

Møta med folka her og historiene deira gjorde sterke inntrykk på oss alle!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler